Nesbyen gir pengar så det monnar til gateborn og barneheim i Zimbabwe.
Ei førebels oppteljing frå sist vekes innsamlingsaksjonar viser 100.000 kroner.
– Til saman i Nes har me samla inn 450.000 kroner dei siste tre åra, seier Lene Tollefsen Rodegård.
Andeløp
Laurdag arrangerte ho saman med støttespelarane i Midlands Children Hope Project andeløp og konsertar.
I flaumsikringsparken laurdag føremiddag hadde mange møtt fram for å støtte arbeidet med barneheimsutbygginga som nesningsjenta arbeider med. Dagens høgdepunkt var i år som i fjor andeløpet der 999 badeender segla om kapp nedover Rukkedøla. Ikkje ein openberr publikumsøving, men ein spennande konkurranse vart det med stadige skifte i teten med engasjert publikum på begge langs elva.
God butikk
Og endane er også butikk.
Før løpet var 747 lodd var selt. Med andre ord: 74.700 kroner inn i kassa. I tillegg delte Lions ut ein sjekk på 20.000 kroner.
– No trur eg faktisk me skal klare å slå fjorårets sum på 118.000, seier Lene Tollefsen Rodegård.
Pengane går til å bygge ut barneheimen i byen Gweru ytterlegare. I august stod endeleg det fyrste bygget klart etter lang tid kamp. Det vart bygd av pengar samla inn i Nesbyen. No har nesningane bidrege meir.