Stor engasjement hjå bygdefolket (13.09.18)

Laurdag 1. september gjekk arrangementet Nesbyen Gir Tilbake av stabelen. Det heile resulterte i fantastiske 126.817 kroner.

Nesbyen Gir Tilbake er eit årleg frivillig-event til inntekt for Midlands Children Hope Project.

– Det er utruleg rørande å sjå korleis nesningane år etter år støttar prosjektet, og verkeleg trur på det me gjer. Det er gøy å vise kor mykje me faktisk får utretta av pengane me får inn, og saman skaper me verkeleg ei betre verd – eit barn og ein familie om gongen. Eg er mållaus, stolt og utruleg takknemleg, seier dagleg leiar og styremedlem i Hope Projects, Lene Tollefsen Rodegård.

Stort engasjement

Sol, kaker, kaffi og zimbabwiske rytmar sette sitt preg på stemninga i Flomsikringsparken i Nesbyen. Andeløpet på dagen skapte stor interesse, der 1000 gule badeender blei sendt nedover Rukkedøla elva. Kvar badeand blei nummerert for kvart lodd som blei kjøpt. Det var Langedrag med lodd nummer 174 som stakk av med sigeren på heile 10.000 kroner. På kvelden var det konsert i Kulturhuset Banken med lokale artistar. Dei bidrog sjenerøst for prosjektet og gav det beste av seg sjølv utan å ta honorar.

Nesbyen har eit innbyggartal litt over 3000, og med store pengeinnsamlingar og frivillig arbeid har dugnadsånda nok ein gong bevist at ingen kan gjera alt, men alle kan gjere litt. Gjennom arrangementet Nesbyen Gir Tilbake aleine, har nesningane bidrege med 895.957 kroner til prosjektet sidan 2013, i tillegg kjem pengane frå alle som er registrert som faste sponsorar.

– I 2016 døypte me det første huset på barneheimen for «Nesbyen», som ein liten takk for alt det den fantastiske vesle bygda vår har bidrege med, fortel Rodegård.

Framgang

– Det er mykje som skjer i prosjektet vårt om dagen, og eg trur dei fleste nesningane har fått med seg at eg driv eit prosjekt som byggjer barneheim for gatebarn i Zimbabwe. Det mange kanskje ikkje veit er at barneheimen no faktisk berre er eit av totalt 12 prosjekt me arbeidar med. I haust reiser Ingeniørar Utan Grenser til barneheimen for fjerde gong, denne gongen for å installere straum og vatn på hus nummer to ved hjelp av solenergi, held ho fram.

Sidan fjorårets arrangement har det skjedd mykje i prosjektet. Dei har no to ferdigstilte hus og støttar utdanninga, medisinske utgifter og andre nødvendige ting til 72 barn. 28 av

desse barna er foreldrelause, og er på barneheimen som Hope-organisasjonen har fått til.

– 28. september reiser eg nedover til Zimbabwe igjen, denne gongen med selskap av Eirik Thorberg og Jan-Eirk (Jansen) Thorberg. Eirik har brukt alle konfirmasjonspengane sine på denne turen, fordi han ynskte å vera med å utgjere ein forskjell. Det er heilt fantastisk, og eg gler meg verkeleg til å vise dei rundt, fortel Lene Tollefsen Rodegård. Planen vidare er å kjøpe to nye tomter for å vidareutvikle prosjekta. i tillegg til å utvikle eigen helsestasjon og barneheim for jenter.

Gir alt

Rodegård frå Nesbyen har starta organisasjonen på eiget initiativ saman med to andre, og alt arbeidet dei har gjort i Zimbabwe er frivillig arbeid gjort på fritida. Ho har sidan 2013 reist rundt 15 gonger til Zimbabwe. Rodegård sin enorme innsats og engasjement har smitta over på bygdefolket rundt ho.

– Korleis har du fått folk så engasjerte i prosjektet ditt?

– Folk kjenner meg og dei veit kva eg står for. Dei som donerer ser resultata og at pengane faktisk blir til noko. Ein får vera med på heile reisa, fortel ho.