Det var spenning ved startstreken då det årlege andeløpet i Nesbyen vart arrangert i helga.
Lite vatn i Rukkedøla gjorde at dei måtte sette i gang store tiltak. Lene Tollefsen Rodegård er hjernen bak Nesbyen Gir Tilbake, ho fekk seg ei rørande overrasking.
Det var action i Elveparken i Nesbyen laurdag. Det årlege andeløpet med kaffi og kakesal, heile 90 flotte premiar som var donert av lokale bedrifter, god underhaldning med konsertar og dans. Kort samanfatta; ein real folkefest.
Lene Tollefsen Rodegård fortel at dei har hatt sine hinder i vegen før andeløpet kunne gjennomførast i år.
– Rukkedøla låg omtrent turrlagt og det ville bli vanskeleg for dei 1000 endene å symje nedover elva, fortel ho.
Løysingsorientert
Men denne dama og hennar gode hjelparar visste råd.
– Med god hjelp av Ole Spildrejordet og Vidar Gjestemoen, vart det fylt opp 80 sandsekkar som vart brukt til å demme opp vatn som dei slapp då endene var sleppt frå startstreken. Og Hafslund Eco har stilt opp med å sleppe litt meir vatn i elvedraget, seier Rodegård.
Hallingdølen fekk vera med på det store andesleppet, oppe ved startstreken ved museet. Eirik Thorberg var den som styrte løpet nede i elva. Nils Rodegård var løpsleiar frå land og drosjesjåfør for både hjelparar og ender. Dei hadde med seg gjetargutar og gjetarjenter som sprang langs elva nedover med raker, og hjelpte endene med ein liten dytt om dei skulle sette seg fast.
Det vart spennande når endene nærma seg målstreken, og to ender kniva om sigeren.
– Den heldige vinnaren av den nette sum på 10 000 kroner, er Marius Skovhus Skulason, roper konferansier Jan Erik Jansen Thorberg.
Konkurransen er slik at du må vera til stades under andeløpet, og vinn du så har du ein time på å bruke pengane i ein av dei lokale butikkane i Nesbyen. Det var Skulason.
Ny telefon
Kva vil du gjere med pengane? spør Thorberg.
– Det blir ny telefon, svarar den 14 år gamle vinnaren.
Og som sagt så gjort. Då me møtte han litt etter, heldt han ein flunkande ny iPhone 13 i handa.
Kanskje han blir kokk eller bakar
Marius Haugen Garnås på 3 år sikra seg andreplassen og fekk ei splitter ny Kenwood kjøkkenmaskin med seg i barnevogna. Spørs om det blei baking på han og gommo når dei kom heim.
Musikk og dans
Under heile arrangementet var det underhaldning. Ein god variasjon av song, dans og artige kommentarar. Elisabeth Walker, Målfrid Breivik, Tuva Huseby, Jostein Huseby og Sarah Sandanbråten stod for musikken. Dansinga tok kusinene Mathilde og Oda Fekene seg av, når dei hoppa opp på scenen og drog i gang Bli Med-dansen.
Heile dagen myldra det av folk, som kosa seg med kaffi og kaker. Ingen ringare enn Direktøren sjølv, Ivar Thoen, sørga for at det til ei kvar tid var nok kaffi på kannene.
Ei uventa gåve
Det nærmar seg slutten, og Aud Helen Solberg hentar mikrofonen. Solberg er president i Nesbyen Lions Club, og ho har eit viktig ærend. Ho roper opp initiativtakaren, Lene Tollefsen Rodegård.
Saman stod dei to der oppe. Rodegård visste ikkje på dette tidspunktet at ho om få minutt skulle stå med skjelvande stemme og tårer i auga og takke Lions for ei utruleg gåve på heile 70 000 kroner.
Lions er ein av dei store støttespelarane i prosjektet, og i år ville dei gje meir enn vanleg.
– Det er fordi dette er ei av dei få innsamlingane der pengane går akkurat dit dei skal. Det er stas å støtte sånne prosjekt, fortel Bjørn Gulbrandsen.
Nydelege tonar frå Tuva Huseby med songen Both sides now, ei fin avslutning for årets Nesbyen Gir Tilbake.
Korleis har det gått i dag?
— Eg er overvelda, går ikkje an å få landa på mange dagar etter dette, svarar Lene Tollefsen Rodegård.
– Me har rokke å ta ei rask fyrste teljing, og me har bikka 170.000 kroner. Det er heilt utruleg. Og den mest uventa og fantastiske gåva frå Lions, eg begynner å grine att. Dei har vore med og støtta oss i ni år no, og godt og vel 180.000 kroner har dei putta inn i prosjektet gjennom åra. Når dei no gav oss ei så stor gåve, har dei hjelpt oss med over 250.000. Eg er så rørt over dette, dei er ein fantastisk støttespelar.
— Har de nokon plan for kva pengane skal gå til denne gongen?
– Det skal gå til eit samfunnssenter der lokalbefolkninga skal få hjelp til å kunne klare seg sjølve. Det blir klasserom, workshop, matlagingskur og helsestasjon for kvinner, blant anna. Me håper å vere klare til å begynne bygginga etter nyttår, fortel Rodegård.
– Eg er så audmjuk og takksam for kor gåvmilde bedrifter og privatpersonar er, og for all arbeidskraft alle stiller opp med.