Det har skjedd mykje spennande for Lene Tollefsen Rodegård og prosjektet hennar i Zimbabwe den siste tida.
Organisasjonen Midlands Children Hope Project sender no rekordmange barn på skulen og har ferdigstilt hus nummer to på barneheimen. I tillegg har dei spennande planar for framtida, og organisasjonen knyter stadig tettare band til lokalsamfunnet.
– Då me starta, klarte me så vidt å sende 15 barn på skulen. I desse dagar sender me faktisk så mange som 101 barn til skulebenken takka vere dei faste sponsorane våre, fortel Rodegård.
Nytt hus ferdigstilt
I februar kunne dei offisielt flytte inn i hus nummer to på barneheimen. Byggjeprosessen har ikkje vore utan utfordringar, men Rodegård fortel at dei stadig lærer meir om korleis ting fungerer.
– No har me vore gjennom det ein gong, og veit at det tar tid. Det hjelper ikkje at den økonomiske situasjonen i landet har forverra seg og at prisane er tredobla. Plutseleg kan me stå i ein situasjon der ingen materialar er tilgjengeleg, så det er mykje me ikkje kan kontrollere og sjå på førehand, seier ho.
Det har med andre ord vore ein lenger prosess enn då dei bygde første huset. Likevel har tomta no to hus, bålplass, vasshol, leikeplass, grønsakhage og fleire frukttre.
Frå nødhjelp til sjølvhjelp
Organisasjonen har over fleire år jobba med eit mikrolån-prosjekt. Håp-familie, som prosjektet kallas, går ut på at familiar som treng det kan få eit lån på 100 dollar til å starte ei bedrift. Tilbakebetalingane bidreg til at organisasjonen kan gi ut endå fleire lån.
– Fleire av familiane har på kort tid skapt ei stabil inntektskjelde, og mange har flytta inn i større hus med innlagt straum og vatn, seier Rodegård. Ho fortel vidare at familiane mellom anna har gått saman om ein felles pott der dei samlar deler av profitten sin. Frå potten kan dei dele ut midlar til andre familiar som treng hjelp med å starte sine prosjekt. Det lokale initiativet viser at mikrolån har gitt vesentlege ringverknader.
Samfunnssenter og resirkulering
Organisasjonen er no i gong med å kjøpe ei ny tomt kor dei vil bygge eit samfunnssenter. Tanken er å skilja barneheimen frå alt det administrative arbeidet.
– På samfunnssenteret ynskjer me å ha klasserom, kontor, og eit bedriftssenter kor familiane kan skrive bedriftsplanar, drive rekneskap og få undervisning om relevante tema. Me vil skapa ein «innovasjons-hub» kor dei lokale kan spele kvarandre gode, fortel Rodegård. I samarbeid med Ingeniører Uten Grenser, er organisasjonen no i dialog med myndigheitene om å starte resirkuleringsprosjekt i Zimbabwe. Draumen er å kunne resirkulere plast og laga drivstoff.
På lag med lokalsamfunnet
Rodegård fortel at det har vore lite engasjement i lokalsamfunnet ovanfor barneheimen tidlegare.
– Gatebarn blir sett på som slum og søppel, fortel ho.
Likevel ser dei endringar i haldningane etter kvart som prosjektet utvidar seg.
– No som me pratar om samfunnssenter og resirkulering er myndigheitene og lokalsamfunnet mykje meir positive og «på hogget». Dei ser verdien i dette, og då blir barneheimen også viktig for dei. Det er jo kjernen i heile prosjektet, seier Rodegård.
Nesbyen Gir Tilbake
Sidan 2013 har det årlege arrangementet «Nesbyen gir Tilbake» samla inn rett i underkant av 900.000 kroner til Midlands Children Hope Project. Eit av husa på barneheimen har fått namnet sitt etter Lene sin heimkommune. 31. august er det duka for nok ein innsamlingsaksjon på Nes.
– Kven veit? Kanskje me bikkar millionen i år?, seier Rodegård.