Arrangementet «Nesbyen Gir Tilbake» er viktigare i år enn nokon gong, meiner arrangør Lene Tollefsen Rodegård.
Rodegård har vore dagleg leiar for Midlands Children Hope Prosject i Zimbabwe i fleire år. Nesten like lenge har ho arrangert «Nesbyen Gir Tilbake», med andeløp i Rukkedøla og konsert i Kulturhuset Banken. I år skjer det 5. september.
– Situasjonen i Zimbabwe veldig ulik Norge. I år blir det ekstra viktig å ha arrangementet, seier Rodegård. I samråd med kommunelegen har ho kome fram til at dei arrangerer som planlagt, i tråd med smittevernreglane som gjeld.
Land i krise
Rodegård fortel at Zimbabwe har vore meir eller mindre i lockdown sidan 30. mars, og at mange slit.
– Skular og bedrifter stengde. Det er portforbod etter klokka 18. Det er ingen støtteordningar eller kompensasjonspakker til enkeltpersonar eller næringsliv. 72 prosent levde i ekstrem fattigdom før krisa, så folk slit.
Sjølv har dei måtte stenge ned alle pågåande prosjekt for heller å konsentrere seg om å hjelpe folk gjennom den kritiske situasjonen, i samarbeid med lokale myndigheiter.
– Det er tøft og krevjande for dei lokale tilsette. Dei gjer ein eineståande innsats. Familiane som tidlegare hadde klart å byggje opp eigne bedrifter med mikrolån frå prosjektet har vore avhengig av krisepakker, fortel Rodegård.
Gjer endringar
I staden for konsert blir det musikkinnslag i samband med andeløpet. Folk er også oppmoda om å førehandskjøpe ender til løpet. Rodegård håpar dei får inn pengar til å hjelpe.
– Alt me klarer å få inn vil vere ei enorm hjelp for oss til både å kome gjennom denne krisa, men også bygge oss opp igjen på andre sida, seier ho.