
På tur med fotballglede (Hallingdølen, 10.11.2018)
Den største skilnaden etter turen ligg hos meg sjølv, seier Eirik Reime Thorberg. 16-åringen brukte haustferien på å hjelpe ungar i Zimbabwe.
Då han vart konfirmert, ynskte han seg korkje pengar, dyre gåver eller fotballtur til England som dei eldre syskena hadde fått.
I staden var draumen ein tur til Zimbabwe for å jobbe på ein barneheim som sambygding Lene Tollefsen Rodegård driv. Gjennom fleire år har ho bygd opp og drive ein barneheim i byen Gweru, gjennom organisasjonen Midlands Children Hope Project.
Årleg har ho arrangert «Nesbyen gir tilbake», som fleire i familien Thorberg har vore med på. Det har inspirert Eirik til å ville bidra.
Lyspunkt
I oktober sette Jan-Eirik Thorberg og sonen Eirik Reime Thorberg seg på flyet. Ei reise på over eit døgn tok dei til barneheimen i Gweru.
Med seg i bagasjen hadde dei fotballdrakter frå heimklubbane Nesbyen og Hallingdal FK, fotballar og anna fotballutstyr. Dei hadde også samla inn pengar, og fått utstyr frå Per Ravn Omdal i fotballforbundet.
– Me hadde med fire–fem koffertar, kring 60 kg med bagasje. Det meste var til barneheimen, men også noko til to skular me besøkte. Drakter frå HFK og Nesbyen var veldig populære.
Store delar av landet er prega av forfall.
– Når me køyrde gjennom landet såg me tydeleg at dei før hadde hatt god standard, på hus og butikkar. Dei var veldig gode i engelsk, dei fleste, og mange hadde utdanning. Men etter 90-talet har mykje forfalle. Det er høg arbeidsløyse i landet, og mange bur i slum.
Før avreisa hadde dei også samla inn pengar gjennom ei nettinnsamling.
– Dei pengane brukte me stort sett til å kjøpe inn mat til barneheimen. Det er rasjonering på mykje, og dei er redde for å gå tom for viktige matvarer. Då me skulle reise heim att, var dei redde for å ikkje ha nok bensin. Det tok til å minke, så Lene og ei til frå barneheimen stod i kø heile natta for å sikre seg drivstoff så me kom oss til flyplassen, fortel Jan-Eirik Thorberg.
Vener
Sjølve barneheimen har høg standard, men området rundt er fattig.
– Av dei største slumområda i Afrika. Området har 100.000 innbyggarar, og arbeidsløysa er på 94 prosent. Det er mange triste skjebner. Stikkorda er alkohol- og rusproblem og HIV. Men det er nesten ikkje kriminalitet, seier Jan-Eirik Thorberg.
Dei var nokre dagar på barneheimen og besøkte skular i området rundt. I tillegg var dei på roadtrip til Victoria Falls. Under vegs stoppa dei i fleire landsbyar. Møta med folk gjorde som regel inntrykk.
– Dei er veldig stolte av det dei har, sjølv om det ikkje er mykje. Me kunne ikkje kome dit og synast synd på dei, for dei er takksame for det dei har. Når me stoppa i ein landsby, kom alle bort og ville helse og vise oss rundt. Me har reist ein del, men eg har aldri vorte møtt slik. Det er varme og fine folk, seier dei.
Frispel
Planen var å drive fotballskule for ungane på barneheimen.
Men dei forstod raskt at måten ein trenar på heime i Norge ikkje fungerer.
– Me enda opp med å berre spele fotball. Det kom ungar frå barneheimen og frå slumområdet rundt, fortel Eirik.
Det var mykje glede, både på og utanfor fotballbanen.
– Alle slepper seg laus på banen. Der kan alle vera med. Dei som ikkje spelte sjølve, heia og song frå sidelina. Eg trudde kanskje fotballen ville vere det beste med turen, men det var like kjekt å berre sitje i sofaen og prate og bli kjent. Dei var veldig nysgjerrige på Hallingdal, og me snappa med folk i Norge.
Fotballdraumen
Den store draumen til Eirik er å invitere ungane frå Gweru til Norway Cup.
Etter besøket i Zimbabwe har han vorte meir overbevist om at det går an å få til. Det er ein lang veg og mykje jobb, men han vil prøve.
– Eg prata med Per Ravn Omdal om det, og han vil hjelpe meg å kome i kontakt med folk som har gjort liknande ting før. Så får eg tips til korleis ein kan gå fram. Eg har så lyst til å gi dei den opplevinga, ikkje berre å spele fotball på skikkeleg bane, men å kome til Norge og sjå korleis det er her. Mange av dei har ikkje vore utanfor landsbyen sin.
Han har jamleg kontakt med fleire av dei han vart kjent med på turen. Dagane etter han kom heim frå Gweru har det vore mange tankar.
– Eg blir utruleg trist når eg tenkjer på at fleire av ungane eg vart kjent med kanskje hamnar i slummen etter kvart. Dei jobbar veldig hardt med skule for å få utdanning, men det er vanskeleg når arbeidsløysa er så høg. Dei er takksam for mat på bordet medan me kanskje heller vil ha noko anna enn me får servert. Den største skilnaden etter turen er nok hos meg sjølv. Eg har vorte mykje meir takksam for kva eg har, seier han.

Stor engasjement hjå bygdefolket (Hallingdølen 13.09.18)
Laurdag 1. september gjekk arrangementet Nesbyen Gir Tilbake av stabelen. Det heile resulterte i fantastiske 126.817 kroner.
Nesbyen Gir Tilbake er eit årleg frivillig-event til inntekt for Midlands Children Hope Project.
– Det er utruleg rørande å sjå korleis nesningane år etter år støttar prosjektet, og verkeleg trur på det me gjer. Det er gøy å vise kor mykje me faktisk får utretta av pengane me får inn, og saman skaper me verkeleg ei betre verd – eit barn og ein familie om gongen. Eg er mållaus, stolt og utruleg takknemleg, seier dagleg leiar og styremedlem i Hope Projects, Lene Tollefsen Rodegård.
Stort engasjement
Sol, kaker, kaffi og zimbabwiske rytmar sette sitt preg på stemninga i Flomsikringsparken i Nesbyen. Andeløpet på dagen skapte stor interesse, der 1000 gule badeender blei sendt nedover Rukkedøla elva. Kvar badeand blei nummerert for kvart lodd som blei kjøpt. Det var Langedrag med lodd nummer 174 som stakk av med sigeren på heile 10.000 kroner. På kvelden var det konsert i Kulturhuset Banken med lokale artistar. Dei bidrog sjenerøst for prosjektet og gav det beste av seg sjølv utan å ta honorar.
Nesbyen har eit innbyggartal litt over 3000, og med store pengeinnsamlingar og frivillig arbeid har dugnadsånda nok ein gong bevist at ingen kan gjera alt, men alle kan gjere litt. Gjennom arrangementet Nesbyen Gir Tilbake aleine, har nesningane bidrege med 895.957 kroner til prosjektet sidan 2013, i tillegg kjem pengane frå alle som er registrert som faste sponsorar.
– I 2016 døypte me det første huset på barneheimen for «Nesbyen», som ein liten takk for alt det den fantastiske vesle bygda vår har bidrege med, fortel Rodegård.
Framgang
– Det er mykje som skjer i prosjektet vårt om dagen, og eg trur dei fleste nesningane har fått med seg at eg driv eit prosjekt som byggjer barneheim for gatebarn i Zimbabwe. Det mange kanskje ikkje veit er at barneheimen no faktisk berre er eit av totalt 12 prosjekt me arbeidar med. I haust reiser Ingeniørar Utan Grenser til barneheimen for fjerde gong, denne gongen for å installere straum og vatn på hus nummer to ved hjelp av solenergi, held ho fram.
Sidan fjorårets arrangement har det skjedd mykje i prosjektet. Dei har no to ferdigstilte hus og støttar utdanninga, medisinske utgifter og andre nødvendige ting til 72 barn. 28 av
desse barna er foreldrelause, og er på barneheimen som Hope-organisasjonen har fått til.
– 28. september reiser eg nedover til Zimbabwe igjen, denne gongen med selskap av Eirik Thorberg og Jan-Eirk (Jansen) Thorberg. Eirik har brukt alle konfirmasjonspengane sine på denne turen, fordi han ynskte å vera med å utgjere ein forskjell. Det er heilt fantastisk, og eg gler meg verkeleg til å vise dei rundt, fortel Lene Tollefsen Rodegård. Planen vidare er å kjøpe to nye tomter for å vidareutvikle prosjekta. i tillegg til å utvikle eigen helsestasjon og barneheim for jenter.
Gir alt
Rodegård frå Nesbyen har starta organisasjonen på eiget initiativ saman med to andre, og alt arbeidet dei har gjort i Zimbabwe er frivillig arbeid gjort på fritida. Ho har sidan 2013 reist rundt 15 gonger til Zimbabwe. Rodegård sin enorme innsats og engasjement har smitta over på bygdefolket rundt ho.
– Korleis har du fått folk så engasjerte i prosjektet ditt?
– Folk kjenner meg og dei veit kva eg står for. Dei som donerer ser resultata og at pengane faktisk blir til noko. Ein får vera med på heile reisa, fortel ho.

Mathias (26) dro til Zimbabwe med følgende oppdrag: Sørge for varmt vann til barnehjem (Smaalenenes avis, 31.01.17)
Ingeniør Mathias Espeland fikk to arbeidsuker litt utenom det vanlige da han og Joar Larsen dro på oppdrag til barnehjemmet vårt i Zimbabwe, gjennom Ingeniører Uten Grenser! Les hele artikkelen i Smaalenenes avis her.

Grenseløs bistand (Nitorefleks, 26.01.17)
Takket være norsk ingeniørbistand har barnehjemsbarna i Zimbabwe fått både strøm og varmt vann.
Les hele artikkelen her.
Alle kan gjere litt (Leiar i Hallingdølen, 08.09.16)
«Ingen kan gjere alt, men alle kan gjere litt». Det er mottoet til sjukepleiar Lene Tollefsen Rodegård (26) frå Nesbyen. I helga arrangerte ho nok ein konsert der inntektene gjekk til barneheimsbygging i Zimbabwe.
Det starta for fire år sidan. Tollefsen Rodegård som var sjukepleiarstudent skulle ha praksis ved eit sjukehus i Zimbabwe. Eit land som eingong var Afrikas rikaste, men som på grunn av politisk vanstyre er vorte til eitt av dei fattigaste. Over 70 prosent av landets 15 millionar innbyggarar lever under fattigdomsgrensa.
Den unge sjukepleiarstudenten fekk sans for landet. På god og vondt. Størst inntrykk gjorde dei mange fattige gatebarna. Foreldrelause barn som budde under plastikkposar på gata. «Eg kan ikkje redde alle gatebarna, men eg kan iallfall gjere litt», tenkte Tollefsen Rodegård som reiste heim og arrangerte kyrkjekonsert i Nes kyrkje. Alle inntektene gjekk til Midlands Children Hope Project og til bygging av ein ny barneheim. Eit prosjekt som også blir støtta av den kjende irske rockeartisten Bono.
I helga arrangerte Tollefsen Rodegård den fjerde «barneheims-konserten» i Nesbyen. Og nesningane stilte som alltid opp. Både på konserten og dei andre innsamlingsarrangementa. I tillegg har det strøymt på med pengegåver frå både privatpersonar og lokale lag. Over 600.000 kroner har Tollefsen Rodegård samla inn i heimkommunen desse åra. For pengane er det blitt reist eit nytt barneheims-bygg med plass til 10 gatebarn i byen Gweru. Bygget har fått namnet «Nesbyen». Men målet til Midlands Children Hope Project og Tollefsen Rodegård er seks bygg med plass til 60 gatebarn.
Dette er ei solskinshistorie. Det er ei historie om kva ungt og brennande engasjement kan utløyse av gode krefter og konkrete resultat. I dette tilfellet av gode krefter i ein heil kommune. Dei mange arrangementa har gitt nesningane eigarskap til barneheimsprosjektet.
Sjølvsagt løyser ikkje pengane frå Nes fattigdomsproblema i Zimbabwe. I så måte er det som ein drope i havet. Men pengebidraga er likefullt viktige. Gatebarn i Gweru får eit nytt og fullverdig liv, og ikkje minst – tryggleik. Dette har ein verdi som ikkje kan målast i kroner og øre. Dessutan – i kampen mot fattigdom kan «alle gjere litt». I så måte har Tollfesen Rodegård gått føre som eit godt eksempel. Eit føredøme me andre bør bli inspirert av.

Konsert gjorde barneheim ferdig (Hallingdølen, 06.09.16)
ANDELØP OG VELGJERDSKONSERTAR I NES HAR RESULTERT I EIN BARNEHEIM FOR TI GATEBARN I ZIMBABWE. LENE TOLLEFSEN RODEGÅRD GIR SEG IKKJE MED DET.
Les heile artikkelen her.

Ny haust - ny innsamling (Hallingdølen, 01.09.16)
PÅ TRE ÅR HAR NES BIDREGE MED EIN HALV MILLION KRONER TIL BARNEHEIMSBORN I ZIMBABWE.
Les heile artikkelen her.

Andeløp gav klingane mynt, Hallingdølen (15.09.15)
Nesbyen gir pengar så det monnar til gateborn og barneheim i Zimbabwe. Les heile artikkelen her.

I gang att for barneheim, Hallingdølen (10.09.15)
Laurdag fyller 1000 badeender Rukkedøla. Dei kappseglar for barneheimsbarn i Zimbabwe. Les heile artikkelen her.

Støttar Rodegård, Hallingdølen (09.06.15)
Lene Tollefsen Rodegård frå Nes arbeider stadig for gatebarna i Zimbabwe. No får dei også draghjelp av Bono. Les heile artikkelen her.

Sustainability at MCHC, ALERT (30.03.15)
Midlands Children Hope Centre arbeider i disse dager med å utvikle en grønnsakshage som vil føre til at de vil få en fast inntekskilde. Les hele artikkelen her.

På konferanse med Brundtland, Hallingdølen (17.03.15)
Lene Tollefsen Rodegård og Gro Harlem Brundtland var to av foredragshaldarane under Nobels Fredsprisforums årlige konferanse i USA. Les heile artikkelen her.

Barneheim i Zimbabwe, Hallingdølen (07.12.14)
Ingen kan gjere alt, men alle kan gjere noko. Lene Tollefsen Rodegård byggjer barneheim for gatebarn i Zimbabwe. Les heile artikkelen her.
Julia Alvær samlet inn 12 500 kroner til gatebarn ved å løpe Oslo Maraton, Moss Avis (21.09.14)
Samlet inn penger for hver kilometer hun løp. Endte opp med å tjene 12 500 kroner til gatebarn i Zimbabwe. Les hele artikkelen her.

Har samla inn ein kvart million , Hallingdølen (20.09.14)
Lene Tollefsen Rodegård er reine innsamlingsmaskina. På under eitt år har to innsamlingsaksjonar skuffa inn 250.000 kroner – berre frå Nes. Les hele artikkelen her.

Har blitt heile Nes sitt prosjekt, Hallingdølen (11.09.14)
I fjor samla Lene Tollefsen Rodegård inn nesten 150.000 kroner til gatebarn i Zimbabwe med hjelp frå gåvemilde nesningar. No håpar ho å gjenta suksessen, og kanskje litt til. Les hele artikkelen her.

Samler kjoler til inntekt for jenteskole i Zimbabwe, Østlendingen (20.08.14)
Lørdag 13. september gjenåpnes Pargasbua på Hornset i Rendalen med arrangementet «Se min kjole» der gjenbruk, redesign og veldedighet står i sentrum. Les hele artikkelen her.

An update from Midlands Children Hope Project, ALERT (15.04.14)
Les hvordan det var for Thomas å komme tilbake til barnehjemmet i Zimbabwe etter å ha arbeidet for det daglig fra Norge i over to år her.

With a little HOPE we can achieve great things, African Impact (04.02.14)
Stor forandringer skjedde på den nye tomten til barnehjemmet mens Lene Tollefsen Rodegård var i Zimbabwe som frivillig. Les mer her.

A small contribution that goes a long way, ACN (30.01.14)
Lene ble intervjuet av ACN. Les intervjuet med henne her.

Gave til Midlands Children Hope Project, Lions (28.11.13)
Lions Club Nesbyen bevilget 50 000 kroner til prosjektet. Les mer her.

Kids & Lions, GoExplore (27.11.13)
Intervju med Lene Rodegård hos GoXplore. Les mer her.

Eg har ikkje ord, Hallingdølen (12.11.13)
Lene Rodegård begynte å grine frå første song, og har vanskar med å beskrive kor bra ho syns støttekonserten for Zimbabwes gløymde gatejenter var. Les meir her.

Kyrkjekonsert til inntekt for gateborna, Hallingdølen (05.10.13)
Lene brenn for gatebarna i Zimbabwe. No slår ho til med konsert i Nes kyrkje – for å skaffe pengar. Les meir her.

A full house, ALERT (18.10.13)
Med 700 nye kyllingar er bura ved barneheimen nå fulle. Les meir om kyllingprosjektet her.

Check out these chicks, ALERT (27.09.2013)
Nye kyllinger har blitt kjøpt inn til barnehjemmet takket være donasjoner fra våre frivillige. Les mer her.

A happy start to the new term, ALERT (12.09.2013)
Det var berre smil å sjå ved barneheimen då borna var klare for årets tredje skuletrimester. Les meir her.

Paracet skal «virke mot alt», Hallingdølen (02.06.2013)
Sjukepleiar Lene Rodegård frå Rukkedalen var åtte veker i Zimbabwe nyleg. Åtte veker som forandra alt. Les meir her.

Jobbar for håp i Afrika, Magasinett (2012)
Mange drøymer om å hjelpa fattige barn i Afrika. Anita Svendheim gjer noko med det. No har ho starta sin eigen hjelpeorganisasjon. Les meir her.

Ein annleis sommarferie, Suldalsposten (18.07.2012)
Anita Svendheim tilbringer delar av sommarferien ved ein barneheim i Zimbabwe i Afrika. Ho har, saman med vener, stifta ein organisasjon for å samla inn pengar til Midlands Childrens Hope Project. Les meir her.




























Vi har klart det! Mandag 24. august hadde vi gleden av å åpne det første (av totalt seks) barnehjemsbygg på Mkoba 10 tomta vår